Inge Lemvik til minne.

Publisert: fredag 17. april 2026

Inge Lemvik til minne.

 

Inge Lemvik døydde 9.april 2026, 86 år gammal.

Inge hadde i mange år eit stort engasjement for HIL. Både han og kona Åshild var trufaste dommerar når det var stemne på stadion. Han var òg ein ivrig deltakar i veteranidretten på både 400m og stafett, og har sprunge tallause etappar i Holmenkollstafetten.
Inge var lærar på Rossabø skule, og når det stunda mot den årlege Bannerkampen øvde han m.a. inn veksling med elevane. Slik fekk elevane frå Rossabø ein føremun.

Utanom den genuine idrettsinteressa – der han hadde store kunnskapar – var Inge svært glad i sang og musikk. Då HIL-huset skulle innviast i 1990 drog han i gang HIL-koret og fekk med seg Hanne Krogh, som hadde vore med i HIL og som han hadde vore lærar for. Koret vart ein svært viktig del av Inge sitt liv og han sette svært stor pris på alle dei flotte konsertane og alle dei fantastiske turane i inn og utland som koret gjennomførte.

For innsatsen sin i HIL gjennom mange år, fekk Inge tildelt fortenestemedaljen i gull i 2016.