Invitasjon til Vikebygdstafetten tirsdag 3. juni
Publisert: mandag 2. juni 2014
Vikebygdstafetten 3.juni
Rekrutter: Møt ved Deep Ocean arena kl. 17.00. Vi kjører samlet inn (foreldre må kjøre). Dere kan også møte i Tonjen ca. kl 17.40.
Alle andre i klubben møter også i god tid, Vi setter opp lagene ved ankomst.
Tomannstafett, tremannstafett eller firemannstafett fritt val
Velkommen til uhøgtidleg og artig stafett i Vikebygd, nærare bestemt i Tonjen heilt sør i bygda:
Veibeskrivelse: http://kart.gulesider.no/m/oDB3b
Me samlast nede ved sjøen til ei uhøgtidleg , men – for all del – ordentleg stafett.
Her er det i tillegg til fint kystterreng å løpe i fin plass til å bade og også fine svaberg å bruke fiskestanga frå om du vil det. Grill skal me også ha klar dersom været tilseier det.
Sjølve stafetten startar 18.30, og det er etappar for både dei som vil springe mykje og for nybyrjarar.Høve for postplukk for dei som ikkje vil springe stafetten.
Stafettreglar:
Laget kan bestå av to, tre eller fire deltakarar. 2. og 4. etappe kan berre løpast av nybyrjar (inkludert vaksne nybyrjarar eller 13-14 årsløpar. Alle kan ta to etappar (+ 5. etappe), men ingen kan ta to etappar etter kvarandre (med unnatak av 5. etappe).
1.etappe: 2,0 kilometer B-nivå (3 sommarfuglar for spreidning)
2. etappe: 1,0 kilometer C/N
3. etappe: 2,5 kilometer B-nivå
4. etappe: 1,0 kilometer C/N
5. etappe 0,7 kilometer Kanoorientering ( 2 personar, den eine må ha løpt 2. eller 4. etappe) (NB: Avheng av været)
1. 2. og 4. etappe vil skje på ei lita øy kor kartet er i målestokk 1:3000. Dei andre etappane vil ha kart i målestokk 1:7500.
Nybyrjarar kan få eit kart utan innteikna postar og kunne gå stien til enden av øya før løpet slik at dei blir van med målestokken.
Me oppfordrar til familielag, og ber i alle høve om at klubben prøver å laga jamne lag. Lagoppstillingane blir levert ved start. Arrangøren set saman lag av dei løparane som ikkje klubben har fått nytta. Alle skal få delta på eit lag!
Me forsøker også å jamne ut laga ved at det blir jaktstart slik at dei som har løparar som ligg høgt plassert i nærløpskarusellen (mellomløype og langløype) startar 5 minutt etter dei andre. Dei som har ein slik løpar på to etappar startar 10 minutt etter.
I tillegg vil det for kvar etappe vera fellestart seinast 15 minutt etter at fyrste løpar er kome i mål på etappen.
Fyrstemann i mål har vunne.
Startkontingent: kr 30,- pr løpar.
Vel møtt i Vikebygd!
Spørsmål om løpet? Send ein SMS til Øyvind Valen (95051159) eller send ein mail til valane@online.no.
Helsing arrangørane Øyvind valen og Arne Tveit