VIKEBYGDSTAFETTEN info og påmelding
Publisert: onsdag 29. mai 2013
Vikebygdstafetten 4.juni
(Tomannstafett, tremannstafett eller firemannstafett)
Velkommen til uhøgtidleg og artig stafett i Vikebygd, nærare bestemt i Tonjen heilt sør i bygda. Me samlast nede ved sjøen til ei uhøgtidleg stafett, men ordentleg stafett. Her er det, i tillegg til fint kystterreng å løpe i, fin plass til å bade og også fine svaberg å bruke fiskestanga frå om du vil det. Grill skal me også ha klar dersom været tilseier det.
Sjølve stafetten startar 18.30, og det er etappar for både dei som vil springe mykje og for nybyrjarar.
Høve for postplukk for dei som ikkje vil springe stafetten.
Køyr mot Vikebygd, avkøyring etter ca. 6 kilometer.
Stafettreglar:
Laget kan bestå av to, tre eller fire deltakarar. 2. og 4. etappe kan berre løpast av nybyrjar eller 13-14 årsløpar. Alle kan ta to etappar (+ 5. etappe), men ingen kan ta to etappar etter kvarandre (med unnatak av 5. etappe).
1.etappe: 2,0 kilometer A/B-nivå (2 sommarfuglar for spreidning)
2. etappe: 1,0 kilomete r C/N
3. etappe: 2,5 kilometer B
4. etappe: 1,0 kilometer C/N
5. etappe 0,7 kilometer Kano ( 2 mann, den eine må ha løpt 2. eller 4. etappe) (NB: Avheng av været)
3. og 4. etappe vil skje på ei lita øy kor kartet er i målestokk 1:3000. Dei andre etappane vil ha kart i målestokk 1:7500.
Nybyrjarar kan få eit kart utaninnteikna postar og kunne gå stien til enden av øya før løpet slik at dei (Frå 18.00 ? 18.20) slik at dei blir van med målestokken.
PÅMELDING FOR ALLE SOM VIL DELTA FOR HIL TIL GRETHE PAULSEN VIE innen søndag kveld – grethevie@gmail.com hun setter sammen lag som sendes arrangøren på forhånd. (de som ønsker sette opp eget lag sender lagoppstilling til henne)
Arrangøren set saman lag av dei løparane som ikkje klubben har fått nytta, så her er det mulig også å bare møte opp. Alle skal få delta på eit lag!
Me forsøker også å jamne ut laga ved at det blir jaktstart slik at dei som har løparar som ligg høgt plassert i nærløpskarusellen (mellomløype og langløype) startar 5 minutt etter dei andre. Dei som har ein slik løpar på to etappar startar 10 minutt etter.
I tillegg vil det for kvar etappe vera fellestart 15 minutt etter at fyrste løpar er kome i mål på etappen.
Vel møtt i Vikebygd!